|
|
FRÅ IDÉ TIL OPPGÅVE
Noen råd til oppgåveskriving for
Midtausten-studentar
Enten
vi skal skrive ei bacheloroppgåve eller ein Ph.D., er det ein del
ting som er felles. Vi startar med ein idé om kva vi kan tenke
oss å skrive om. Så prøver vi å raffinere den
ved å sjå på kva andre har skrive rundt dette temaet:
vi ser på sekundærlitteraturen.
Deretter formulerer vi ei problemstilling for det vi vil
undersøke, finn kjelder og litteratur som kan svare på denne, og
analyserer dei. Til sist formulerer vi dei svara vi har funne i ein
akademisk oppgåve-tekst, som kan vere på alt frå ti sider for ei
bachelor til fleire hundre for ein phd.
Den
midterste delen, den med å analysere kjeldene,
er naturligvis ulik mellom ein bachelor og ein ph.d. Men dei to andre
fasane har mange likheitstrekk, både når det gjeld å
finne litteratur på eit tema og å formulere
oppgåveteksten, da spesielt korleis ein skal vise til dei
kjeldene ein har brukt. Naturligvis ligg lista lågare i ein kort
bachelor der vi har eit avgrensa sidetal og bruker mange færre
kjelder. Men likevel er mange av prinsippa dei
samme,
berre i mindre skala, så det kan vere greitt med ei lita
rettleiing
som er felles for alle nivå.
I denne uformelle oversikta
skal vi altså sjå på to ulike delar av arbeidet: For
det første: Korleis finn
eg
fram til kva som er publisert på det temaet eg er interessert i,
og
for det andre: Korleis skal eg formulere oppgåva mi slik at
poenga mine kjem tydelig fram, og kva reglar gjeld for å referere
til litteraturen eg har brukt?
Per skal skrive ei
oppgåve om
oljeindustrien i
Irak. Han skriv på sin PC, men er ingen data-nerd, han liker best
å
ta i og bla i bøker. Etter å ha søkt i Bibsys.no i
Explorer, går
han derfor heller ned i SV-biblioteket og kikker gjennom hylla for
Økonomi, og ser kva bøker han finn der. Så
går han til
Midtaustensenterets bibliotek og ser kva dei har i hylla merka Irak.
I tidsskrifthyllene står heile seriar av Middle East Journal og
andre fagtidsskrift; han tar eitt og eitt nummer og ser i
innhaldslista om det er noe interessant; han finn mange artiklar
der som han kopierer opp og tar med seg.
Når han har gjort seg sine notatar og er klar til
å
skrive
oppgåva, set han inn korte referansar med sidetall kvar plass han
viser til ei kjelde, så han hugsar kvar han har det frå.
Til slutt
fyller han ut detaljane for kvar referanse i teksten, og skriv opp
alle kjeldene han har brukt i ei litteraturliste / bibliografi
sortert alfabetisk bakerst i oppgåva.
Kari har investert i sin eigen Mac, og når
ho
først
har betalt så mye, så vil ho bruke datamaskina mest mulig
når ho
skal skrive si oppgåve om reformrørsla i Iran. Ho startar
også med
å finne ut kva som står i Bibsys, men fortsetter å
leite også i
andre on-line kjelder etter kva ho kan finne og lese på skjermen.
Ho
finn fleire bibliografiar der ho kan søke etter temaet sitt,
både katalogar over bøker og oversikter over
tidsskriftartiklar. For mange av artiklane står det også ei
lenke ho kan klikke
på for
å få heile teksten opp på skjermen. Det er nesten for
mange, men ved
å bla gjennom og kikke på "abstracts" når slike fins,
siler ho ut dei som er verdt å lese. Noen blar ho berre fort gjennom
og gjer noen notatar, andre trykker ho ut eller lastar ned som
PDF-filar på maskina si.
Karis oppgåve er ei
masteroppgåve som ho skal jobbe med ei god stund, og ho har til
slutt ei stor samling kjelder å halde styr på. Derfor lager
ho seg sin eigen bibliografi over det ho har funne: Ho lastar ned
titlane frå dei ulike katalogane til eit referanseprogram, og i
dette kan ho seinare sortere og organisere referansane sine på
ulike måtar, anten ho har dei som PDF eller berre ein
tittelreferanse. Til det formålet har ho funne fram til eit
tillegg til Firefox som heiter Zotero;
det synes ho er rimelig enkelt og greitt: Når ho har gjort eit
søk i Bibsys eller andre katalogar, klikkar ho på eit ikon
i Firefox så blir referansen lagt til i hennar private
bibliografi. Andre program kan gjere meir avanserte ting, men dette er
gratis og klarer seg for henne.
Dette programmet hjelper henne
ikkje berre med å halde styr på referansane sine, men
også i å skrive dei inn i masteroppgåva på korrekt
akademisk vis. Når ho skriv på oppgåva si og skal
vise til ein artikkel eller ei bok, så kan ho gjere som Per, og
skrive inn detaljane "for hand". Men kvifor det, når alt ligg der
i Zotero? I staden velger ho "Add Citation" i Word, får opp ei
liste over referansane sine, og klikker på den ho vil vise til. Den blir da
satt i Word i det formatet ho har vald, med årstall og sidetall
og alt som hører til. Når ho er ferdig med oppgåva
si, kan ho velge "Add Bibliography", så blir alle kjelder ho har
sitert satt sammen i ei alfabetisk sortert litteraturliste bakerst i
oppgåva.
Kven
av
desse har mest rett, Per eller Kari? Det er opp til kvar enkelt. Vi
stiller ingen krav til dataferdigheit eller -bruk, ut over det
formelle med innleveringar osv. som ligg i studieplanar og krav
frå
instituttet. Noen er komfortable med å jakte i alle data-krokar,
andre vil helst ikkje.
Men
eit
råd kan kanskje vere at i første fasen, når det
gjeld søk
etter sekundærlitteratur, så er det best å bruke
begge måtane,
både
leite i hyller og på nettet. Vi
har ting på papir som ikkje finnes elektronisk og som du
bør ha lest; men spesielt når det gjeld tidsskrift, kan vi
nok nå ved UiB finne fleire artiklar på nettet enn på papir,
også innanfor våre fagfelt, så alle bør gjere
seg kjent med dei elektroniske søkestadene for ikkje å
gå glipp av viktig litteratur.
I
den andre fasen, om ein skal skrive litteraturlista i oppgåva si "manuelt" eller
bruke eit spesielt referanseprogram, så vil nok fordelen ved det siste
først vise seg når du har mange, iallfall fleire dusin
titlar å halde styr på. For ei
semesteroppgåve med ei litteraturliste på noen få
liner, så er
det nok meir heft enn det er å vinne. For ei stor oppgåve
som ein master eller høgare, kan det derimot hende at vinninga
kan vere større enn spinninga, sjøl om det må nok
seias at litt tid vil det nok
kreve å tilpasse seg denne elektroniske arbeidsmåten, og
dess meir kompliserte program (som EndNote
eller andre), dess meir innsats men kanskje også større
gevinst. I alle fall, ingen forventar
at ein skal bruke EndNote,
og i resultatet, det du leverer, skal ein ikkje kunne sjå
forskjellen.
****
På
desse sidene har vi tre forskjellige tema:
(Og berre så det er klart, det som kjem fram her er råd og rettleiing
til hjelp for studentane, ikkje formelle retningsliner som noe
institutt eller andre har vedtatt)
Knut S. Vikør
juni 2010
|