|
Studier ved Universitetet i Bergen
Senter for Midtausten-studiar har som oppgåve å vere
knutepunkt for den forskinga på Midtausten og den islamske verda
som foregår ved Universitetet i Bergen. Undervisninga går
føre seg på dei enkelte faginstitutta, slik som Historie,
Sosialantropologi, Arabisk, og så vidare. Senterets rolle er
vere kontaktskapar mellom desse enkelt-miljøa.
Studieprogram
For studentane er det viktigaste tilbodet på Midtausten bachelor-programmet
i Midtausten-studiar. Det er ei full treårig studieretning til
bachelor, der ein kan velje fordjupning i Midtaustens historie, religionar,
arkeologi, arabisk, eller antropologi. Opplegget består av ca.
20 ulike studieemne som studentar også utanfor programmet vil
kunne ta. Dei som har gått gjennom dette bachelor-programmet
vil så kunne ta eit masterstudium med spesialisering på
Midtausten-tema.
NB: Studieprogrammet i Midtausten-kunnskap vart vedtatt nedlagt av fakultetsstyret frå og med 2011, endelig avgjerd i saka ligg hos Universitetsstyret. Det blir arbeidd med å lage "emnepakker" som kan dekke noe av det samme tilbodet. Meir om dette vil bli klart når det er utarbeidd.
>> Studieprogrammet
Seminar
Senteret arrangerer ulike seminarrekker og gjesteforelesingar. Mellom
desse er det tverrfaglige masterseminaret i Midtausten-studiar.
Det er opent for alle, studentar og tilsette, og skal vere eit forum
for alle som arbeider med Midtausten-tema ved UiB.
>> Les meir om intern/master-seminar
Ei større oversikt over seminar-tilboda ved Senteret finn
ein her:
>> Seminaroversikt
Gjesteforelesingane kjem med ujamne mellomrom, og blir annonsert på
Universitetets meldingssentral.
>> Oversikt over gjesteforelesingar
For studentar i Bergen:
Praktiske råd:
Midtaustenstudiar i Bergen (eksterne lenker):
Postliste
Interesserte kan også bli satt på ei postliste for invitasjonar
til slike forelesingar. Denne "Midtausten-lista" er også eit
forum for allmenn debatt og informasjon til studentar på alle
nivå og tilsette.
>>
Meld deg på postlisten
På denne webtenaren finn du også oversikt over bok- og
tidsskriftsamlingane til Senteret.
>> Katalog med oversikt
Shari'a nettverk
Våren 2002 vart det oppretta eit uformelt nettverk for studiar
i Norge på eller i samband med islamsk lov. Nettverket har ei
eiga web-side med informasjon og ressursar rundt dette temaet.
>> Sharia-nettverket
Nordic society
Forskarstudentar og forskarar kan også melde seg inn i det nordiske
Selskapet for Midtaustenforsking. Websidene til Selskapet inneheld ytterligare
informasjon og arkiv over dei "månadsbulletinane" som Selskapet
har sendt ut.
>> Klikk her for å lese
om Nordisk selskap for Midtausten-forsking
|