CENTRE FOR MIDDLE EASTERN
AND ISLAMIC STUDIES
University of Bergen

Bachelor i Midtaustenkunnskap
STUDIER

- Bachelor
- Studieprogram
- Moduler
- Emner
- Master seminar

Studieplanar HIM 101:

Oversikt over Midtaustens historie

                  HIM 101              
Vekting           15 studiepoeng       
Navn              "Oversikt over Midtaustens  historie"            
Undervisning      Vår                  
Eksamen           Når undervist            

Fagomtale
Emnet inngår i det obligatoriske grunnlaget for Studieprogrammet i Midtausten-kunnskap. Emnet kan òg studerast uavhengig av dette bestemte studieprogrammet.

Emnet gjev studentane ein oversikt over Midtaustens historie frå 600-talet fram til i dag. Midtausten er her i hovudsak definert som området frå Nord-Afrika til Iran.

Emnet legg vekt på den politisk historia og dei lange linene. Utviklinga av islam som religion og sosio-politisk normsystem vert òg studert, i tillegg til utvalde kulturhistoriske og økonomiske tema.

Det overordna perspektivet vil dels vere orientert mot dei langvarige strukturane, dels mot viktige endringsprosessar og dels mot aktørane på gruppe og individnivå.

Historisk teori og metode er ein del av pensum og undervisninga.

Målsetting
Emnet skal gje studentane grunnleggande kunnskapar om dei viktige fasane så vel som dei lange linene i Midtaustens historie frå 600-talet og fram til i dag. Vidare skal studentane få noko innsikt i karakteristiske trekk ved statsdanningar, administrasjon, politikk, samfunnstilhøve og islams utvikling. Dette vil gjere studentane betre istand til å forstå Midtausten idag. Til sist vil studentane få grunnleggande innsikt i historisk teori og metode.

Tilrådd startgrunnlag
Studiet krev generell studiekompetanse. Gode kunnskapar i engelsk er ein føresetnad.

Innhald og struktur
Studiet bygger på eit pensum på rundt 1300 - 1500 sider, inklusive teori og metode, samt ei rekke forelesningar som skal tene til å utdjupe og utfylle pensum. I tillegg til forelesningane vil det bli arrangert oppgåveseminar knytta til internett. Det blir gjeve undervisning i emnet normalt berre i vår-semesteret.

Eksamen
Eksamen består av ein 6-timars skuleeksamen på slutten av semesteret.

Evaluering
Studentane kan bli bedne om å evaluere emnet.

PENSUM

  • Vikør, K. Ei verd bygd på islam. Oversikt over Midtaustens historie. 2.utg., Oslo 2004.
  • McCarthy, J. The Ottoman Turks. An Introductory History to 1923. London 1998, side 67-282.
  • Cleveland, W. A History of the Modern Middle East. 3. utg., Boulder 2004, side 57-540
  • Pappé, I. The Modern Middle East. London 2005, side 39-161 & 223-267.
  • Macfie, A. Orientalism, London 2002, sider 73-148 & 186-217
  • Knut S. Vikør, Maghreb: Nordafrikas historie etter 1800. Oslo 2007
  • Lapidus, I.M.: A History of Islamic Societies. 2 edn. Cambridge 2002, s. 56-80 & 103-32. *
  • W.M Watt: "The place of economic and social factors", i Watt, Islam and the integration of society, London 1961; s. 4-42 *
  • M. Rodinson, "Economic practice in the Muslim World in the Middle Ages", i Rodinson, Islam and capitalism, London 1973, s. 28-57 *
  • E.A. Ashtor, "Agricultural conditions in the Moslem empire", i Ashtor, A Social and economic history of the Near East in the Middle Ages, London 1976, s. 36-70 *
  • S. Goitein, "Mediterranean trade in the eleventh century: some facts and problems", i M. Cook (ed.), Studies in the Economic History of the Middle East, London 1970, s. 51-63 *
* = I kompendium, fåas kjøpt på Studia.

HIM 102:
Det moderne Midtausten 1880-2000

                  HIM 102                 
Vekting           15 studiepoeng          
Status            Del av studieprogrammet Midtaustenkunnskap, fordjupning historie
Navn              "Det moderne Midtausten 1880-2000"   
Undervisning      Haust    
Eksamen           Når undervist               

Fagomtale Emnet inngår i fordjupingsfaget historie i Studieprogrammet i Midtaustenkunnskap, men kan også studerast uavhengig av dette bestemte studieprogrammet.

1800-talet og tida etter er prega av vestleg imperialisme og vestleg påverknad i Midtausten. Studiet vil fokusere på dei djuptgripande endringane som pregar perioden og på prosessane bak desse, eit tema som vi med eit fellesomgrep kan kalle modernisering. Emnet vil særleg konsentrere seg om økonomisk, politisk og sosial endring, framveksten av nye samfunnsgrupper, og ideologiske nyorienteringar frå islamsk reformisme og arabisk nasjonalisme til moderne islamisme (fundamentalisme). Endringar i kvinnenes status og rolle vil òg stå sentralt.

Emnet vil gje studentane ei djupare innsikt i karakteristiske samfunnstrekk i regionen ved å fokusere på tre ulike land som har hatt forskjellige utviklingsvegar i perioden; Tunisia, Sudan og Irak. Ved forelesingar og seminar vil studentane få kjennskap til dei prosessane som har prega desse tre landa frå 1800-talet og fram til i dag, gjennom koloni-erfaringar, ideologisk og politisk sjølstendetrong, og sosial og økonomisk utvikling som heng saman med moderniseringsprosessane i desse tre landa.

Målsetting
Emnet vil gje studentane ein djupare innsikt i karakteristiske samfunnsmessige trekk ved det moderne Midtausten og i dei prosessane som har skapt desse. Vidare vil studentane få kjennskap til ideologiske rørsler og strøymingar som har prega området sidan 1800-talet og som er dominerande også idag. Gjennom heile studiet vil teoretiske og metodiske problemstillingar stå sentralt.

Tilrådd startgrunnlag
Studiet krev generell studiekompetanse. Gode kunnskapar i engelsk er ein føresetnad. Emnet byggjer på HIM 101.

Innhald og struktur
Studiet bygger på eit pensum på rundt 1300 - 1500 sider samt ei rekke forelesningar som skal tene til å utdjupe og utfylle pensum. I tillegg til forelesningane vil det bli arrangert oppgåveseminar knytta til internett. Det blir gjeve undervisning i emnet normalt berre i haustsemesteret.

Eksamen
Eksamen består av ein 6-timars skuleeksamen på slutten av semesteret.

Evaluering
Studentane kan bli bedne om å evaluere emnet.

PENSUM

  • Oversiktsverk:
  • John L. Esposito, Islam and politics, 3. utg., Syracuse 1991
  • Lucette Valensi, On the eve of colonialism: North Africa before the French conquest. New York 1977, s. 1-46. (*)
  • Yvonne Y. Haddad, “Islam and gender: Dilemmas in a changing Arab world”, i Haddad, Y.Y. & Esposito, J.L. Islam, Gender and Social Change, Oxford 1998, 3-29. (*)
  • Tunisia
  • Kenneth J. Perkins, A history of modern Tunisia. Cambridge 2004. s. 1-212. .
  • Lisa Anderson, The state and social transformation in Tunisia and Libya, 1830-1980, s. 137-177. (*)
  • Sudan
  • Peter M. Holt & M.W. Daly, A History of the Sudan: From the Coming of Islam to the Present Day. London 2000. s 1-222.
  • John O. Voll (ed.), Sudan: State and society in crisis. Bloomington 1991. s. 1-161.
  • Irak
  • Charles Tripp, A history of modern Iraq. Cambridge 2002. s. 1-297
  • Marion and Peter Sluglett, Iraq since 1958, Rev. edn. London 2001, s. 215-254. (*)
  • Paul Stevens, “Iraqi oil policy: 1961-1976”, T. Niblock, Iraq: the contemporary state. London 1982, s. 168-190. (*)
  • Robin Theobald and Sa’ad Jawad, “Problems in rural development in an oil-rich economy: Iraq 1958-1975”, i Niblock, Iraq: the contemporary state, s. 191-218. (*) .

    (*) = I kompendium. Fåas kjøpt på Studia.


HIM 201:
Fordjupning i Midtaustens historie

                  HIM 201                     
Vekting           15 studiepoeng              
Status            Del av studieprogrammet Midtaustenkunnskap, fordjupning historie
Navn              "Semesteremne"                
Undervisning      Haust, når HIM202 ikkje blir undervist.                  
Eksamen           Når undervist                   

Fagomtale
Emnet inngår i fordjupingsfaget historie i Studieprogrammet i Midtaustenkunnskap, men kan også studerast uavhengig av dette bestemte studieprogrammet. Emnet består av eitt eller to emne som vil variere frå semester til semester. Eit emne skal vere ei tematisk og kronologisk avgrensa studieeining som inkluderer historisk teori og metode. I undervisningskatalogen eller ved særskild kunngjering blir det gjort kjent kva for emne det blir gjeve undervisning i.

Målsetting
Emnet skal gje ei djupare historisk innsikt gjennom eit meir inngåande studium av eitt eller to avgrensa emne med tilhøyrande metode- og teorilitteratur.

Tilrådd startgrunnlag
Emnet er eit vidaregåande emne innan Midtaustens historie. Det vil vere eit godt utgangspunkt å byggje på å ha tatt innføringsemna HIM101 og HIM102, også andre historiske emner eller emner innan Midtaustenkunnskap.

Innhald og struktur
Det er knytt forelesningar til studiet. Undervisnings- og emnetilbodet vil vere avhengig av lærarressursane som til kvar tid er tilgjengelege.

Det vert utarbeidd ein emneomtale med sentrale problemstillingar og ei pensumliste på omlag 1200 - 1500 sider. Dersom to emne blir tilbydd vil pensum for kvart emne vere på omlag 600-750 sider.

Undervisning
Emnet blir undervist i haustsemestre. Det kan også alternere med HIM202, varierande ut frå ressurs-situasjonen.

Eksamen
Eksamen består av ein 6-timars skuleeksamen ved slutten av semesteret.

Evaluering
Studentane vil regelmessig bli bedne om å evaluere emnet.

Sjå Studentportalen eller Historisk institutt for oppdatert studieplan og tema


HIM 202:
Religion og kjønn i Midtøsten

                  HIM 202                 
Vekting           15 studiepoeng          
Status            Del av studieprogrammet Midtaustenkunnskap, fordjupning historie
Navn              "Det moderne Midtausten 1880-2000"   
Undervisning      Ved ujamne mellomrom, haust. 
Eksamen           Når undervist.               

Studieplan

Fagleg innhald
Emnet går inn i fordjupningsfaget historie i Studieprogrammet i Midtaustenkunnskap og i Studieprogrammet for kvinne- og kjønnsstudiar. Emnet kan og studerast uavhengig av studieprogramma. Emnet tek sikte på å gje innsikt i Midtaustens historie i dei to siste hundreåra, med vekt på kvinnehistorie. Det vil bli fokusert på konstituering og endring av kjønn i ein periode prega av store samfunnsomveltningar. Sentrale faktorar her vil være kolonialisme, modernitet, nasjonalisme og rettane til kvinnene. Det vil bli lagt vekt på indre så vel som ytre faktorar, som rammebetingelsar for kvinner sitt liv og virke.

Læringsmål
Emnet vil vise variasjonar i kvinner sine livsvilkår og det generelle kjønnsrollemønsteret, i forhold til geografisk, klassemessig og religiøs tilhørighet. Tolkning av primærkjelder og kjønnsrelaterte problemstillingar, til dømes islamske tolkningar av kvinnene sine livsrammer, vil òg bli gitt plass. Studentane vil òg få innsyn i relevant historisk teori og metode.

Undervisningssemester
Emnet vert undervist i haustsemestre, med ujamne mellomrom.

Tilrådde forkunnskapar
Det vil vere gode utgangspunkt å byggje på emne innan historie, emne innan kvinne- og kjønnstudiar og emne innan Midtaustens historie. Emnet passar òg godt i kombinasjon med andre emne innan historie, kvinne- og kjønnsstudiar og Midtaustenkunnskap. Fordjupingsemnet krev god leseferdigheit i engelsk.

Innhald og undervisning
Undervisningstilbodet er førelesningar.

Vurdering/eksamensformer
Eksamen består av ein 6-timars skuleeksamen på slutten av semesteret.

Evaluering
Emnet vert evaluert jamnleg.

Pensumliste

  • Meriwether, Margaret & Tucker Judith (red.) Social History of women and gender in the modern Middle East Westerview Press 1999 (Introd., kap 3-4)
  • Thompson, Elizabeth Colonial Citizens: Republican Rights Columbia University Press, 2000
  • Fleischmann, Ellen L. The Nation and Its "New" Women: The Palestinian Women's Movement, 1920-1948 . University of California Press, 2003
  • Okkenhaug, Inger Marie & Flaskerud, Ingvild (red.) Gender, religion and change in the Middle East: Two hundred years of history Berg, 2005, s. 1-66, 103-136, 155-190.
  • Baron, Beth Egypt as a Woman: Nationalism, Gender and Politics Univ. of California Press, 2005
  • Camron Michael Amin: "Unveiling and Its Discontents", In: The Making of the Modern Iranian Woman: Gender, State Policy, and Popular Culture, 1865-1946 Gainesville: University Press of Florida, 2002, s. 80-113.
  • * Nermin Abadan-Unat "The Impact of Legal and Educational Reforms on Turkish Women" i Women in Middle Eastern History: Shifting Boundaries in Sex and Gender red. Nikki Keddie og Beth Baron Yale University press, New Haven/London 1991, s. 177-194
  • * Knut Vikør Mellom Gud og stat. Ei historie om islamsk lov og rettsvesen, Oslo, Spartcus 2003. Kapittel 15: Familielov, s. 273-90 (pluss fotnotane, til sist i boka)
* Seljas på Studia (kompendieavdelingen)


 

Centre for Middle Eastern and Islamic Studies (SMI)
Phone + 47 55 58 26 47, fax + 47 55 58 98 91, e-mail: post@smi.uib.no
Postal address: SMI, University of Bergen. PO Box 7800 Bergen, Norway
Visiting address: SMI, 5th floor , Stein Rokkans Hus, Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen