CENTRE FOR MIDDLE EASTERN
AND ISLAMIC STUDIES
University of Bergen

 
STUDIER

- Bachelor
- Studieprogram
- Emne
- Emner
- Master seminar

Praktiske råd:

Å SKRIVE OPPGÅVER PÅ ARABISK PÅ PC

Dei studentane som har begynt med arabisk, ønsker gjerne å bruke dette språket i oppgåver, enten med arabisk skrift, eller med transkripsjon (strek over a og i, prikk under s og h, og så vidare). Men korleis kan vi gjere dette i prasis?

Det avheng litt av kva slags PC'ar vi brukar. Har vi eigen PC eller Mac, har vi sjøl ansvar for å få det til, men dei som bruker PC-labane på universitetet må stole på det IT-avdelinga legg i stand. Vi har nå fått dei til å installere den nødvendige programvaren for å skrive arabisk på studentlab'ane på HF og UB-HF, så om de bruker desse labane, kan de skrive både arabisk skrift og transliterasjon, etter ønske.

Men kvar enkelt må velge desse ressursane for seg. Dei er "usynlige" på maskina for dei som ikkje vil bli forvirra av arabisk. Dette må de altså gjere, kvar for dykk, ved å følge denne rekkefølga:

  1. Gå til mappa "Min datamaskin" ("My computer") og klikk på "Control Panel".
  2. Velg "Regional and Language Options".
  3. I den, velg fana "Languages".
  4. Trykk på knappen "Details"
  5. I boksen som da kjem, er det lista opp dei språk- og tastaturoppsett du har vald. Normalt står det berre Norwegian, kanskje også English, der. Klikk på "Add", så kan du legge til eller endre.
  6. For å legge til arabisk, skroll opp lista til Arabic, og klikk OK på eit av dei arabiske landa, samme kva for eitt.
  7. For å få transkripsjon, velg Norwegian, og under Keyboards finn du "Yanqut Norwegian", velg den.
  8. Øverst i Details-boksen er det eit valg for "Default language". Velg "Norwegian - Yanqut Norwegian" der.
  9. Hugs å klikke OK. Da er alt på plass.

For arabisk skrift bør du i tillegg fortelle Microsoft Word at du vil ha høgre-venstreskrift. Det gjer du ved å gå til Start-menyen nederst på skjermen, og så velge:
- Program
  -
Microsoft Office
   - MS Office Tools
      - MS Office 2003 Language Settings
i den menyen. Da kan du gå til fana "Aktiverte språk"; velg arabisk i lista og "legg til". Da vil Word få to nye ikon i ein toolbar; ein P som peikar mot venstre og ein som peikar mot høgre, for hhv. arabisk og engelsk skrift.

Korleis bruke dei?

For å skrive med arabiske bokstavar: Du kan skifte til arabisk skrivemåte anten ved å velge AR i språkmenyen i statuslina nederst, eller ved å presse Skift-tasten og venstre Alt-tast samtidig. På samme måte skiftar du tilbake til NO når du vil skrive med norske bokstavar.

Det er ca. ti arabiske fontar på student-maskinene, men standardfonten Times New Roman er OK, den har også arabiske teikn, så bruk gjerne den; da treng du ikkje gjere noe eige fontvalg når du skiftar språk. Det arabiske tastaturet for Windows treng litt tilvenning, bokstavane ligg jo annleis enn på norsk! men skriv f.eks. ned på eit papir kva tast som gir kva bokstav, til du har fått det "i fingrane".

For å skrive arabisk transkripsjon: Dette merkelige "Yanqut" som vi installerte er ein tastatur-layout som dei har laga i Oslo. Det gjer at du kan lett skrive dei bokstavane du treng for å tilsvare det arabiske, altså "s med prikk under" og "a med strek over". Du gjer det ved å halde nede den høgre Alt-tasten ("Alt-Gr") når du skriv bokstaven, Alt og d sammen gir d med prikk under, Alt+u gir u med strek over, osv. Alt+q gir 'ayn, Alt+w gir hamza.

Desse transkripsjonsteikna fins ikkje i alle fontar, spesielt ikkje dei med "prikk under", dei er ikkje i standardfonten Times New Roman (for de som brukar Windows XP, og det er vel fortsatt det vanligaste på UiB-maskinene). Vi må i staden bruke noen eigne fontar som har alle desse spesialteikna. På maskinene på studentlabane har vi fått installert tre fontar som har det vi treng:

- Doulos SIL (som liknar på Times)
- Gentium
- Arial Unicode (er som Arial, men med mange ekstra tegn).

Vi foreslår at studentane brukar Doulos SIL som standard, sidan den liknar på Times New Roman i trykk, men det i prinsippet det samme kva for ein av dei tre du velger.

-- For dei som skriv oppgåver der det skal vere lineavstand 1 1/2, merk at Doulos SIL gir litt for mye luft mellom linene, så "halvannan" blir nesten lik dobbel lineavstand i Times New Roman. For å få riktig lineavstand, er det best å velge "Nøyaktig: 20 pt" i staden for "Halvannen" i "Format: avsnitt". --

--Historie: Noen av dykk har hørt om, eller brukt fontane JAIS-font eller Jaghbub. Desse er eldre løysingar som ikkje er tilrådd lenger, fordi dei ikkje er standardiserte. Skal du starte eit nytt arbeid nå, er det best heller å bruke dei nemnde fontane eller andre som er basert på "Unicode"-standarden.--

Utskrift m.v. med desse fontane går heilt normalt.

Desse fontane er også "kompatible" med Mac, så du kan sende dokument med både transkripsjon og arabisk skrift til Mac-folk (rettleiarar), og dei skal kunne lese dei.


Dei med privat PC eller Mac

De kan installere det tilsvarande sjølve. For Windows-PC'ar:

De som har Windows Vista eller Windows 7 (Home-Premium) har det meste alt installert, og kan velge det på dykkar eiga maskin sjøl slik som vist over. De som har Windows XP må kanskje installere iallfall ein font for transkripsjon. Kanskje må Windows installere noen språktillegg frå installasjons-diskane de fekk sammen med maskina, så det kan vere greitt å ha dei klare i tilfelle programmet ber om dei.

Det som ikkje følger med, kan de hente over nettet. Det gjeld transkripsjonen; arabisk er fullverdig med det som kjem med maskina, men transkripsjon har ikkje Microsoft tenkt på.

Vi tilrår altså bruk av tillegget Yanqut, som kolleger i Oslo har laga, sidan det er tilpassa det norske tastaturet. Det kan de laste ned herfrå: <http://www.hf.uio.no/ikos/studier/fag/arabisk/transkripsjon.html>
Der ligg installasjonspakke klar og instruksjonar, berre følg dei.

Kva gjeld fontar, så kan de med Windows Vista eller Windows 7 bruke standardfonten Times New Roman, den har alle nødvendige bokstavar i desse nyaste Windows-versjonane. Men i XP mangla denne fonten "prikk under"-bokstavane. Dei fleste (dei som har MS Office, og det er jo nesten alle) har likevel fonten Arial Unicode, og den har alle bokstavane. Men det kan vere betre likevel å laste ned ein "Times-liknande" font med fullt sett, dei som vi omtalte over:
<Doulos SIL>
<Gentium>
Dei er gratis, og til fri bruk. Det finnes mange andre tilsvarande fontar som ein også kan laste ned, sjå lenkene nedst på denne sida for ei oversikt. Dobbeltklikk på den fontfila du har lasta ned for å installere.


Mac

Mac-folk har det enklare, men også her krev transkripsjon meir enn arabisk (det er fleire i verda som skriv med arabisk skrift enn a med strek over!).

For arabisk skrift, treng de berre gå til Systemvalg under eple-menyen, klikk på Internasjonalt og Tastaurmeny. Finn Arabisk på lista, hak av og OK. De vil sjå ein arabisk halvmåne dukkar opp under det norske flagget i menylina. De skiftar mellom arabisk og norsk ved denne menyen, eller ved å taste Kommando (epletast) og mellomromstast samtidig.

Problemet for Mac-brukarar er Microsoft, vi kan ikkje bruke Microsoft Word, fordi dei ikkje godtar arabisk skrift hos oss, berre på Windows. Vi må finne andre tekst-program, anten TextEdit, som følger med maskinene (det kan også opne Microsoft Words filer), det gratis programmet OpenOffice eller eigne tekstbehandlingsprogram som NisusWriter eller Mellel. De kan sjå meir om dette på ei eiga web-side:
<The Arabic Mac>, og omtale av programma på <Arabic programs>.

Kva gjeld transkripsjon, så varierer det ein del ettersom kor ny din Mac er. Om den er nyare enn ca. 2005 (dvs. har systemet "10.4" eller høgare), har mange av standardfontane alt det vi treng, både Times, Helvetica, Courier og andre (Times har ikkje ayn og hamza, men Times New Roman har det i 10.5 og høgare). Standardfonten Lucida Grande har også alle aktuelle tegn, også i eldre maskiner. Alle dei fontane som er nemnt i PC-delen over kan også brukas på Mac, så du kan også laste dei ned frå samme lenkene.

Men for å skrive i desse fontane, er det best å installere ein tastatur-layout laga med tanke på arabisk transkripsjon. Det kan ein finne her,
<http://www.smi.uib.no/files/diacs.zip>.


Rettleiarar og utveksling Mac-PC

Vi har altså foreslått gratisfonten Doulos SIL for Windows-brukarane, fram til Windows 7 er å finne på alle maskiner. Rettleiarar med Mac eller andre som skal lese slike dokument kan bruke alle slags Unicode-fontar (Lucida Grande, Times i OSX 10.4, JaghbUni, eller andre - men ikkje Jaghbub eller JAIS-font) og få fram alle teikna i desse; men eg vil tilrå at rettleiarar også installerer Doulos SIL på sine maskiner, slik at fontvalget blir "hugsa" fram og tilbake mellom student og rettleiar.

Dokument med arabisk skrift treng litt omtanke frå lærarsida; men både TextEdit, OpenOffice, NeoOffice, Mellel og NisusWriter kan lese studentanes Word-dokument med arabisk tekst (topptekst, sidelayout, tabellar m.v. kan sjå annleis ut enn i originalen). Hugs likevel på å lagre i enten Word-format eller .rtf-fomat dersom dokumentet skal sendas tilbake til studenten, så dei kan opne det i sitt Word-program.

Studentar kan også peike på denne sida her for sine rettleiarar.



 

Centre for Middle Eastern and Islamic Studies (SMI)
Phone + 47 55 58 26 47, fax + 47 55 58 98 91, e-mail: post@smi.uib.no
Postal address: SMI, University of Bergen. PO Box 7800 Bergen, Norway
Visiting address: SMI, 5th floor , Stein Rokkans Hus, Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen