NSM

Nordic Society for
Middle Eastern Studies

  • Home

  • Nordisk Midtaustenbulletin
  • Nordic Conferences
  • Conferences world-wide
  • Research surveys
  • Publications
  • Samarbeidsavtaler mellom
    forskingsinstitusjonar i Norden og Midtausten

    Ved den nordiske Midtaustenkonferansen i Uppsala i 1989 reiste professor Tryggve Kronholm, Uppsala universitet, spørsmålet om det kunne vere ønskelig for det nye Selskapet å utrede mulighetene for å opprette samarbeidsavtaler mellom nordiske institusjonar for Midtaustenforsking og relevante institusjonar i den arabiske verda, Iran, Israel og Tyrkia.

    Forslaget fekk støtte frå forsamlinga, og styret sette ned ei gruppe under leiing av professor Kronholm til å utføre denne utredninga. Formålet med arbeidet må vere å kartlegge

  • forskarsamarbeid (gjesteforskarar, aktuelle vitskaplige prosjekt, felles formidlingsarbeid)

  • lærarsamarbeid (mulighet for nordiske eksperter gjennom mobilitetsstipend å kunne undervise i Midtausten i ein periode, og omvendt)

  • studentsamarbeid (mobilitetsstipend for nordiske studentar til å få undervisning ved institusjonar i Midtausten med godkjenning av studiemeritering, og omvendt). I første omgang var oppgåva å skaffe ein oversikt over eksisterande kontaktar og avtaler, før ein seinare kunne diskutere ekspansjon og eventuelle fellesnordiske tiltak i denne retning.

    Med det formålet samla gruppa inn informasjon frå rundt førti ulike institusjonar i Norden, gruppert i avtaler og kontakter. I materialet framstod kontaktar med alle arabiske land bortsett frå Jemen, Libya, Oman og UAE; dessutan Israel, Pakistan og Tyrkia (og Sovjet). Som en kunne forvente, var antalet uformelle kontakter oppstått gjennom forskings- og anna samarbeid større enn formelle avtaler. Tre institusjonar hadde avtaler med Universitetet i Khartoum, ein med fiAin Shams-universitetet i Kairo, ein med Universitetet i Tunis, ein med eit forskingsinstitutt i Algerie, og ein med Ege-universitetet i Tyrkia. I tillegg har Finland avtaler med fleire land på regjeringsnivå.

    Når det gjeld kontaktar, spreier feltet seg vidare. Dei mest foretrunkne landa er tydelig Egypt og Israel, som tilsammen dekker omtrent halvdelen av dei oppgitte kontaktane. Det er også fleire institusjonar som melder om kontaktar med Jordan, Tunis, Syria og Tyrkia. For dei andre arabiske landa (og Iran og Pakistan) er det ein eller to personar eller institusjoar som melder om akademiske kontaktar.

    Det er meininga at det innsamla materialet skal fungere som ein database andre institusjonar og forskarar kan benytte for å søke kontakter i Midtausten, eller ha som modell for eigne samarbeidstiltak med andre institusjonar. Materialet er nå deponert hos Selskapet, og vi vil prøve å halde det à jour.

    Den som ønsker nærmare detaljar om noen av dei omtalte avtalene eller kontaktene, kan derfor henvende seg til Sekretæren for Selskapet, ved Senter for Midtaustenstudiar, Universitetet i Bergen.


    Rapporterte avtalar

    Bergen, Senter for utviklingsstudiar
    University of Khartoum, Sudan
    Etiopia

    Helsinki, Undervisningsministeriet, Finland
    Regjering, 1984-6: Irak
    Regjering 1987-9: Egypt

    Helsinki, Institutionen för asiatiska och afrikanska språk och kulturer
    Regjeringsnivå: Egypt, Irak, Israel, Tyrkia, Tunis

    Lund, Institutionen för Mellanösterns språk
    Tunis,
    Khartoum, Sudan
    Kuwait
    Egypt
    Marokko
    Syria
    Jordan
    Israel

    Uleåborg, Historiska institutionen
    Ege Universitisi, Dept. of History, Tyrkia
    Israel

    Uppsala, Avdelingen för u-landsfrågor
    Centre de Recherche en Economie Appliquée pour le Développement, Algerie

    Uppsala, International Science Programs
    University of Khartoum, Dept of Physics, Sudan
    Egypt

    Uppsala, Internationella kansliet, Rektorsämbetet
    Ain Shams University, Egypt
    Université Euro-Arabe Itinerante

    Uppsala, [NAI]
    Université Muhammad V, Rabat, Dept. de Sociologie, Marokko


    Rapporterte kontaktar

    Aarhus, Forhistorisk Museum
    Ministry of Information, National Museum of Bahrain, Bahrain
    Museumsmyndigheterna, Qatar
    Kuwait

    Aarhus, Institut for statskundskab
    Egypt
    Israel
    Bahrain
    Qatar
    Tunis
    Tyrkia

    Bergen, Etno-folkloristisk institutt
    University of Cairo, Egypt

    Bergen, Senter for utviklingsstudiar
    University of Khartoum, Sudan
    University of Addis Abeba, Etiopia

    Göteborg, Statsvetenskapliga institutionen
    University of Jordan, Amman, Dept of Political Science, Jordan

    Helsinki, Institutionen för asiatiska och afrikanska språk och kulturer
    Hebrew University, Jerusalem
    Språkkurs, Bourgiba inst.
    Egypt
    Irak
    Israel
    Tyrkia
    Tunis

    Helsinki, Institutionen för komparativ religion
    University of Cairo, Egypt
    Hebrew University of Jerusalem, Israel

    Helsinki, Statsvetenskapliga institutionen
    University of Tel Aviv; Hebrew University, Jersusalem, Israel

    Joensuu, Botaniska trädgården
    Istanbul universitesi, Botanik bahcesi; Hortus Botanicus Univ. Aegaensis, Ege üniversitesi, Bornova, Izmir, Tyrkia
    Jardin botanique du Hamma, Alger, Algerie
    Botanic Garden, Botany Dept University of Alexandria; Orman Botanic Gardens, Kairo, Egypt
    The Hebrew University, Montague Lamport Memorial, Jerusalem; Botanical Garden of the Hebrew University, Jerusalem, The Volcani Institute of Agricultural Research, Beth Dagan, Tel Aviv University; Dept. of Botany, The Botanic Gardens, Tel Aviv, Israel
    Dept. of Botany, University of Karachi, Pakistan

    København, Institut for orientalsk filologi
    Kairo, Egypt
    Tunis
    Damaskus, Syria
    Amman, Jordan

    Lund, Institutionen för Mellanösterns språk
    Tunis
    Sudan
    Kuwait
    Egypt
    Marokko
    Syria
    Jordan
    Israel

    Oslo, Indo-iransk institutt
    University of Teheran, Dept. of Persian Language and Literature; Dept of Lingustics, Iran

    Oslo, Klassisk institutt
    University of Tbilisi, The Oriental Institute of the Georgian Academy of Science, Sovjet

    Oslo, Semittisk institutt
    American University of Cairo; Ain Shams University, Dar al-ulum, Egypt
    University of Damascus; Ministry of Higher Education, Syria
    Islamic Univeristy, Section for Higher Studies, Madina, Saudi Arabia

    Stockholm, Kulturgeografiska institutionen
    Bourgibainstitutet, Arabiska Avdelingen (SU), Tunis

    Tampere Peace Research Institute
    CREA, CNEH, Algerie

    Uleåborg, Historiska institutionen
    Istanbul, Dept. of Political Science, Tyrkia
    Hebrew University, Jerusalem, Dept. of Poltical Science, Israel

    Uppsala, Institutionen för afro-asiatiska språk
    University of Teheran, Iran
    Hebrew University, Jerusalem, Israel
    University of Alexandria, Egypt

    Uppsala, International Science Programs
    University of Graduate Studies and Research, University of Asyut, Dept. of Physics, Egypt
    Sudan

    Uppsala, Institutionen för pediatrik, Enheten för barnhälsovård
    University of Amman (The Dean of the Medical Faculty), Jordan

    Uppsala, Nordiska Afrikainstitutet
    Kontaktar, Maghreb
    Université Muhammad V, Rabat, Dept. de Literature Espagnol (Lit. mod)., Marokko

    Åbo, Åbo akademi, Institutionen för folkloristikk og komparativ religion
    The Institute for Advanced Studies, Jersualem, Israel

    Åbo, Åbo Akademi, Religionshistoriska institutionen
    Beirut, Libanon


    Denne oversikta er tatt frå Nordisk Bulletin for Midtøstenforsking, september 1990, utgitt av Nordisk Selskap for Midtaustenforsking.

  • Home | Index
    Responsible for this Web page is Knut S. Vikør.
    Archived 16.4.95