NSM

Nordisk Midtaustenbulletin
9, juli 1994

Forrige nordiske bulletin var feil-nummerert, derfor nå altså nr. 9. Dette blir eit sommar-lett nummer, mest med stoff frå rådsmøtet i vår europeiske forening Eurames.

Tema:

Nytt frå Selskapet:

Vi har hatt eit møte med vår kontakt i Aix, og det er bestemt at avhandlings- seminaret skal finne stad 18-21. januar 1995. Opplegget blir som tidligare annonsert:

Vi sender nå ut innbyding om deltaking til dei ulike institutta i Norden, med søknadsfrist 1. oktober (streng). Søkarane skal vere forskarstudentar for doktorgrad eller hovudfag/speciale, som er igang med eit prosjekt rundt temaet Islam, religion og politkk (historisk og i dag). Med søknaden skal vere ei prosjektoversikt på ca. ei side. Kandidatane må enten alt vere, eller blir ved uttak, registrert i NIAS' kandidatprogram for "asiatiske" studiar, SUPRA. Kandidatane må vere i stand til å lese fransk (som våre franske partnarar forventas å bruke skriftlig). Muntlig språkbruk på seminaret blir avgjort pragmatisk; ein ventar at dei fleste franske kandidatane kan engelsk, utan at vi har stilt krav om det. Seks kandidatar valgt ut av oss og NIAS. Dei som blir utvalgt skal sende inn ei prosjektbeskrivelse, eller del av eit prosjekt på ca 10-20 sider innan 15. desember, på engelsk eller fransk. Desse blir distibuert til alle deltakarar, nordiske og franske, og vil bli temaet for seminaret. I tillegg vil seminaret ha ein "inspirasjons-forelesing" frå kvar side, nordisk og fransk. Kandidatane får reise og opphald dekt.

Nytt frå Eurames

Franske forskingssentra kan bli europeiske.

Rådet i Eurames hadde møte i juli, i Strasbourg samtidig med konferansen til vår franske avdeling AFEMAM. Eurames har nå fått avdelingar også i Spania og Italia, i tillegg til den britiske, franske, nederlandske, sveitsiske og oss; tyskarane er i ferd med å organisere seg.

Av dei viktigaste temaene som vart tatt opp, var ei mulig utviding av dei franske forskingssentraene i Midtausten til også å bli europeiske. Frankrike har nå slike sentra i Kairo (CEDEJ), Damaskus (IFEAD), Beirut/Amman, Istanbul, Teheran, Pondicherry (India) San'a og Tunis. Dei lever under ulike forhold, t.d. er Teheran meir eller mindre stengt, og i San'a er det ingen aktivitet nå. Men dei sentrale, Kairo, Damaskus og Amman er interesserte i utvide sin basis i retning av Europa. Det kan gjeras på to måtar: Helst ønsker dei å få ei ekstra finansiering over EU-budsjettet på samme måte som dei nå får over det franske statsbudsjettet. I så fall vil dei kunne tilby stipend og forskingsstillingar til andre europeiske forskarar, på samme måte som dei nå gjer til franske. Dette vil likevel trulig vere vanskelig å få til, fordi EU ikkje prioriterer den typen støtte. Vi kan derfor inntil vidare rekne dette som ei fjern målsetting. Det andre er at forskarar frå andre europeiske land som kjem med sin eigen finansiering, kan benytte seg av dei franske sentraenes tilbod f.eks. som kontaktledd til myndigheiter, hus og opphold, arbeidsplassar m.v. Dette er nå i ferd med å bli realisert; sjå eige avsnitt om IFEAD under, og direktøren for CEDEJ gav også uttrykk for at det burde vere uproblematisk; i den grad sentraene har ressursar til å gi eit tilbod. Dei skulle komme tilbake med detaljar om dette. Dette burde kunne bli av stor interesse for forskarar i Norden, som ikkje har noen slike sentra å halde seg til.

Neste europeiske konferanse.

Det vil bli forsøkt å halde ein europeisk Midtausten-konferanse kvart tredje år. I så fall blir neste i 1996, etter den i Warwick i 1993. Det var foreløpig bestemt at konferansen skal bli lagt i Nederlandene; dvs. anten i Nederland åleine (f.eks. Utrecht), eller delt mellom Nederland og Belgia (Ghent?). Nærmare detaljar blir bestemt til vinteren.

Directory og Newsletter.

Eurames ønsker å oppdatere den "store blå", katalogen over Midtausten-ekspertise, både på grunn av manglar i den som kom, og for å utvide informasjonen. Det vil trulig stå på økonomien; katalogen kan ikkje bære seg økonomisk, og vi kan ikkje rekne med EU-støtte for andre gong. Ein vil søke å finne andre kjelder.

Spesielt for nordiske forskarar: Det har vore kontaktproblem mellom oss i Bergen og Eurames-sekretariatet, som gjorde at noen av dykk har betalt, men ikkje fått den store blå. Dette skal nå vere avklart, og bøkene sendt i mai-juni. Dersom noen fortsatt ikkje har fått boka, kontakt oss så skal vi presse på. Newsletteret kjem nå jamnt, to gonger i året på vår og haust. Pr. idag er det korkje stoff eller økonomi til ein meir omfangsrik bulletin, men det er målsetting å gjere denne meir innhaldsrik enn i dag.

European Science Foundation

To delegatar frå ESF møtte. Det er ein uavhenging sammenslutning av forskingsråd, som finansierer europeiske forskar-nettverk om bestemte tema. Dei har m.a. eit om Midtausten og historie. Dei ønska nærmare kontakt, spesielt med ein del nordiske land som dei ikkje hadde fått involvert. Denne kontakten vart oppretta her.

E-post

Sekretariatat i Eurames er nå tilgjengelig over e-post, gjennom Brismes' konto. Skriv til A.L.Haysey@durham.ac.uk, og merk meldinga: Suha Faroqi eller : Emma Murphy. Suha er Eurames' sekretær, Emma redaktør for Eurames newsletter. Alle kan sende inn ting dei ønskar i newsletteret til Emma.

IFEAD-tilbod

Utanfor møtet, kom direktøren for Institut Francais d'etudes arabes en Damas, med meir konkrete tilbod for forskarar og forskarstudentar som ønsker å besøke Damaskus. Det går på to nivå:

  • Arabisk-undervisning. IFEAD arrangerer jamnlig kursar i arabisk. Dei satsar primært på vidaregåande studiar; f.eks. studentar som alt har to-tre års studiar i arabisk bak seg. For slike vil eit semesterkurs komme på omtrent halve kostnaden av AUC i Kairo (det var snakk om $2000 pr kurs, om eg hugsar rett. Detaljar kan skaffas frå dei). Dei kan også arrangere kurs for lågare nivå, om tilstrekkelig mange studentar melder seg som gruppe. Men dei vanlige kursa kan vere interessante for forskarstudentar som ønsker å fordype seg i språket eit semester eller eit år.

  • Opphald. Forskarar som kjem til IFEAD med eigen finansiering kan benytte seg av deira ressursar på line med franske. Så langt det er rom, vil dette inkludere kontorplass, og iallfall bruk av bibliotek, hjelp frå kontorpersonalet i administrative ting eller kontakt med myndigheiter, og anna som forskarane kan ha hjelp for ein institusjon til. Dette verka som eit svært vennlig og interessant tilbod, der forskararne nasjonalitet ikkje skulle spille noen rolle. Dei som er på veg til Damaskus, bør vurdere dette nøye. Kontakt IFEAD (direktøren: Jacques Langhade), Abu Rommaneh, BP 344, Damaskus, Syria: Tel. +963 11 3330 214; Fax 3327 887; Telex 412272.

    Conferences

    (I do not include those I have already sent out information on). From the Brismes newsletter.

    Nye på lista

    Knut.


    Back Home Contents Index Forwards

    Responsible for this Web page is Knut S. Vikør. Archived 1.4.95