ME in B
  • Studieprogram
  • Seminar
  • Bibliotek
  • Forskinga

  • Senter for Midtausten- og islamske studiar


    Senter for Midtausten-studiar har som oppgåve å vere knutepunkt for den forskinga på Midtausten og den islamske verda som foregår ved Universitetet i Bergen. Undervisninga går føre seg på dei enkelte faginstitutta, slik som Historie, Sosialantropologi, Arabisk, og så vidare. Senterets rolle er vere kontaktskapar mellom desse enkelt-miljøa.

    Studieprogram
    For studentane er det viktigaste tilbodet på Midtausten bachelor-programmet i Midtausten-studiar. Det er ei full treårig studieretning til bachelor, der ein kan velje fordjupning i Midtaustens historie, religionar, arkeologi, arabisk, eller antropologi. Opplegget består av ca. 20 ulike studieemne som studentar også utanfor programmet vil kunne ta. Dei som har gått gjennom dette bachelor-programmet vil så kunne ta eit masterstudium med spesialisering på Midtausten-tema.
    Studieprogrammet


    Seminar
    Senteret arrangerer ulike seminarrekker og gjesteforelesingar. Mellom desse er det tverrfaglige masterseminaret i Midtausten-studiar. Det er opent for alle, studentar og tilsette, og skal vere eit forum for alle som arbeider med Midtausten-tema ved UiB.
    Intern/master-seminar


    Ei større oversikt over seminar-tilboda ved Senteret finn ein her:
    Seminar-oversikt


    Gjesteforelesingane kjem med ujamne mellomrom, og blir annonsert på Universitetets meldingssentral.
    Gjesteforelesingar

    Postliste
    Interesserte kan også bli satt på ei postliste for invitasjonar til slike forelesingar. Denne "Midtausten-lista" er også eit forum for allmenn debatt og informasjon til studentar på alle nivå og tilsette.


    På denne web-tenaren finn du også oversikt over bok- og tidsskriftsamlingane til Senteret.
    Katalog
    Våren 2002 vart det oppretta eit uformelt nettverk for studiar i Norge på eller i samband med islamsk lov. Nettverket har ei eiga web-side med informasjon og ressursar rundt dette temaet.
    Sharia-nettverket
    Forskarstudentar og forskarar kan også melde seg inn i det nordiske Selskapet for Midtaustenforsking. Websidene til Selskapet inneheld ytterligare informasjon og arkiv over dei "månadsbulletinane" som Selskapet har sendt ut.
    Nordisk selskap for Midtausten-forsking

    ENGLISH.


    For studentar i Bergen: Midtaustenstudiar i Bergen: Verda utanfor:

    Addresse:

      Senter for Midtausten- og islamske studiar
      Universitetet i Bergen
      Stein Rokkans Hus
      Nygårdsgt. 5
      5015 Bergen

    tel: +5558 2647, fax +5558 9891
    e-post: post@smi.uib.no


  • Kart


  • Heim | Index
    Ansvarlig for desse web-sidene er Knut S. Vikør.
    Sist oppdatert Friday, 09-Jun-2006 17:09:39 CEST