Forskinga
|
Studieprogram
Bachelor i Midtaustenkunnskap
Studieprogram i Midtaustenkunnskap er ein sammenhengande Bachelor (= cand.mag.) på tre år. Programmet består av:
- Vanlige førebuande prøver.
- "Innføring i Midtaustenkunnskap".
Dette består av tre sjølstendige undervisningsemne ("modular"):
- Oversikt over Midtaustens historie, 15 poeng
- Midtaustens kultur og samfunn, dei lange linene (religion, antropologi, arkeologi), 15 p.
- Innføring i arabisk språk, 30 p.
- Spesialisering i anten språk, religion, arkeologi, antropologi eller historie.
Dei fem "spesialiseringsvegane" gir grunnlag for mastergrad i hhv. arabisk, religionsvitskap, arkeologi, sosialantropologi og historie.
Desse spesialiseringane er sammensett av ulike 10 eller 15-poengsemne på Midtausten, i tillegg til allmenn metode / systematikk-modular i kvart fag. Studiet avsluttas med ei sjølstendig semesteroppgåve (15 poengs kurs).
Studieprogrammet vil ha oppstart kvar haust. Emna, både dei innanfor "innføringa" og spesialiseringane kan også tas frittståande av studentar som alt er ved Universitetet, på vanlig måte. Det vil også bli aktuelt med opphald i utlandet, som eit tilbod til studentar som ønsker det.
Den gamle cand.mag.-graden i Midtaustenkunnskap blir erstatta av dette Studieprogrammet, og fall bort da cand.mag.-graden vart oppheva i 2003.
Sjå elles meir her:
|